Coombe Hill i Buckinghamshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coombe Hill
ås
Monumentet på Coombe Hill
Land  Storbritannia
Kart
Coombe Hill i Buckinghamshire
51°45′09″N 0°46′17″W / 51.752569444444°N 0.77148888888889°W / 51.752569444444; -0.77148888888889
Wikimedia Commons: Coombe Hill, Buckinghamshire

Coombe Hill er ein ås i Chilterns i Buckinghamshire i England. Han ligg ved sidan av grenda Dunsmore, nær den vesle byen Wendover og ovanfor Aylesbury Vale. Han må ikkje forvekslast med Coombe Hill i Haddington Hill, nokre kilometer lenger nordaust.

Mesteparten av åsen var ein gong ein del av landeigedommen Chequers, men vart gjeven til National Trust av dei britiske styresmaktene då desse fekk eigedomen i 1920-åra.

Åsen er 260 meter høg. Det står eit krigsminnesmerke for dei falne i den andre boarkrigen på toppen av åsen. Dette var eit av dei første og største døma på krigsminnesmerke som vart sett opp til minne for dei falne, og ikkje berre til minne om store sigrar, som gjerne var vanlegare. Monumentet er godt synleg frå området kring og vart reist i 1904.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Coombe Hill i Buckinghamshire