Cornet de Murat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornet de Murat

Cornet de Murat (fransk uttale [kɔʁˌnɛdɘmyˈʁa], av corne-, 'horn' og diminutivt suffiks -et; cornet betyr 'lite horn' ) er eit smått bakverk i hornform frå Murat,[1] ein kommune i Auvergne (den sentrale delen av Frankrike). Cornet de Murat er ei småkake som er vorte rulla i form av eit storfehorn, og er fylt med krem og litt ostemasse piska til krem.

Ei salers-ku

Denne kaka er laga av egg, mjøl, sukker og salt, og vert rulla for hand når ho kjem ut av omnen.[2] For å få den spesielle kjegleforma legg ein kaka på eit perforert bord. Forma er meint å likna horna til raude kyr frå Auvergne, ein rase kalla «salers».

Cornet de Murat kan serverast med forskjellige søte eller salte fyllingar, som kremfløyte, iskrem eller foie gras-mousse.

Cornetfestivalen[3] som byrja i 2004 blir arrangert kvart år i september.[4]Arrangementet tiltrekkjer seg mellom 10.000 og 15.000 besøkande årlig.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Isabelle Barnérias (6. januar 2017). «Biscuits d'ici : En dix ans, Murat (Cantal) est devenue la capitale du cornet » (på fransk).  [På ti år har Murat vorte hovudstaden til 'cornet']
  2. «Sept conseils de chef pour réussir ses cornets de Murat salés» (på fransk). La Montagne. 10. september 2019.  [Kokk med 7 råd på salte Cornet de Murat]
  3. «Cornetfestivalen» (på fransk). Murat kommune. Henta 20. september 2022. 
  4. «Après une année blanche en 2020, la fête du cornet de Murat (Cantal) revient cette année, dimanche 19 septembre» [Etter eit tomt 2020 kjem Cornettfestivalen attende i september.]. La Montagne (på fransk). 15. september 2021. 
  5. Thierry Bousseau. «Une fête de la gourmandise» (på fransk). Auvergne Destination. Henta 21. september 2022.  [Eit festmåltid av delikatesser]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]