Corroboree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corroboree av Tommy Mcrae
WR Thomas, A South Australian Corroboree, 1864, Art Gallery of South Australia

Corroboree er eit generisk ord for eit samkome av australske aboriginar. Det kan vera ein heilag seremoni, eit festleg høve eller ha krigersk karakter. Ordet blei danna av dei fyrste britiske busetjarane i Sydney-området av eit ord i det lokale språket dharug. Ein corroboree omfattar vanlegvis dans, musikk, oppkleding og gjerne kroppsdekorasjon.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «corroboree» blei teke i bruk av britiske busetjarar kort tid etter koloniseringa etter det australske ordet garaabara, som tyder ‘dans’. Det gjekk dermed inn i det australske engelsk som eit lånord.[1]

Corroboree, ei ballettførestilling basert på corroboree.

I heile Australia kan ordet «corroboree» omfatta songar, dansar, samlingar og møte av ulike slag. Corroboreear har også omfatta sportstilstellingar og andre former for framsyning av dugleik.[2]

Ei anna skildring er «ei samling av aboriginske australiarar som samverkar med Drøyminga gjennom song og dans».[3]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Macquarie Atlas of Indigenous Australia». Macquarie. Henta 17 January 2020. 
  2. Sweeney, D. 2008. "Masked Corroborees of the Northwest" DVD 47 min. Australia: ANU, Ph.D.
  3. «Corroboree [ceremonies explained]». Aboriginal Incursions. Henta 17 January 2020. 
  4. «Corroboree». Arkivert frå originalen 26. april 2012. Henta 3. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Corroboree