Cry Me a River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Cry Me a River»
Låtskrivar Arthur Hamilton
Publisert 1953

«Cry Me a River» er ein populær amerikansk fakkelsong, skriven av Arthur Hamilton, først publisert i 1953 og gjort kjend i 1955 med ein versjon av Julie London.

Opphav og tidlege innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Arthur Hamilton sa seinare om songen: «Eg hadde aldri høyrt uttrykket før. Eg likte berre kombinasjonen av orda.... I staden for 'Eat your heart out' eller 'I'll get even with you', høyrdest det ut som eit godt, smart svar til nokon som hadde såra kjenslene dine eller knust hjartet ditt.» Han var i utgangspunktet uroa for om lyttarane ville høyra ein referanse til «Crimea» (Krimhalvøya), snarare enn «..cry me a...», men sa at «å setja seg ned og spela melodien og komma opp med teksten gjorde det til eit ikkje-tema.»[1].

«Cry Me a River» vart opphavleg skriven for Ella Fitzgerald som ein bluesaktig jazzballade til å syngja i filmen Pete Kelly's Blues (gitt ut 1955). Ifølgje Hamilton hadde han og Julie London vore klassekameratar på vidaregåande skule, og ho kontakta han på vegner av mannen sin, Jack Webb, som var regissøren av filmen og leita etter nye songar å nytte. [2]. Etter at songen vart droppa frå filmen, gav Fitzgerald først ut versjonen sin på Clap Hands, Here Comes Charlie! i 1961. Songen vart òg tilboden til Peggy King, men Columbia Records A&R-sjefen Mitch Miller protesterte mot ordet «plebeian» i teksten.[3][4]

Songen vart første gong gitt ut av skodespelar og songar Julie London på Liberty Records i 1955, med Barney Kessel på gitar og Ray Leatherwood på bass.[5] London hadde vorte oppmoda til å spela inn songen av Bobby Troup, som ho seinare skulle gifta seg med etter skilsmissa frå Webb.[2] Ei framføring av songen av London i filmen The Girl Can't Help It frå 1956, bidrog til å gjera han til ein bestseljar (nådde nr. 9 i USA og nr. 22 på UK Singles Chart). Det vart ei gullplate og i 2016 vart han innlemma av Library of Congress i National Recording Registry.[6].

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende versjonar av songen er:

Julie London-versjonen dukkar òg opp i filmen V for Vendetta med Natalie Portman og John Hurt i hovudrollene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Berlau, «Crying a River for Years», The Wall Street Journal, 15. desember 2010. Henta 14. mai 2023
  2. 2,0 2,1 «Billboard». 11. november 2000. Henta 14. mai 2023 – via Google Books. 
  3. «PEGGY KING & ANDY KAHN - «Cry Me A River» at Metropolitan Room NYC 2-23-14». YouTube. Henta 14. mai 2023. 
  4. Lang, Joe (June 2014). «Caught in the Act» (PDF). Jersey Jazz 42 (6): 46. Henta 28. juli 2019. 
  5. Cary O'Dell, «"Cry Me a River»-Julie London (1955)«, Library of Congress. Henta 7. mars 2020
  6. «National Recording Registry Recognizes »Mack the Knife," Motown and Mahler». Loc.gov. 
  7. Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 253. ISBN 0-89820-115-2. 
  8. «Joe Cocker». Billboard. Henta 14. mai 2023. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Cry Me a River». Official Charts Company. 
  10. «Centre Stage». Official Charts Company. Henta 11. juni 2022.