Culross
| Culross | |||
| Cuileann Ros | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Fife | ||
| Folketal | 2 300 (2016) | ||
![]() Culross 56°03′19″N 3°37′45″W / 56.0554°N 3.6293°W | |||
| Wikimedia Commons: Culross | |||
Culross (skotsk-gælisk Cuileann Ros) er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 2 500 innbyggjarar. Han vart grunnlagd som ein hamneby ved Firth of Forth, ifølgje tradisjonen av sankt Serf på 400-talet. sankt Kentigern (òg kjent som sankt Mungo) skal ha vorte født der.

På 1500- og 1600-talet var byen eit sentrum for gruveindustri. I tillegg var saltkoking ein viktig næringsveg. Tydinga som hamneby bortfalt i stor grad i løpet av 1700-talet.
På 1900-talet vart det registrert at Culross har fleire unike historiske bygningar, og National Trust for Scotland har arbeidt for å verne desse, og eig fleire av dei. Blant bygningane er Culross Town House, ein tidlegare rettsbygning og fengsel; Culross Palace frå 1500-talet, Study frå 1600-talet og ruinane av klosteret Culross Abbey frå 1200-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Culross» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.
