Curling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Curling (uttala kørling) er ein presisjonsidrett som kan minne om boccia eller petanque, men blir spelt på is med tunge polerte steinar i staden for plast- eller metallkuler. Banen er 42 meter lang og 5 meter brei, og steinen veg drygt 18 kg. Sporten blir drive i omkring 40 land, av desse er Canada størst med omkring ein million aktive curlarar.

Sporten vart funne opp i Skottland1500-talet. Curling har vore olympisk øving sidan 1998.

Curling er ein lagsport der dei fire medlemmene på kvart lag etter tur sender av garde ein stein mot eit sirkelforma mål på isen, det såkalla «buet». To av medspelarane kostar isen framom steinen for at steinen skal gli nøyaktig der ein ønskjer å plassere han. Den fjerde medlemmen på laget, som er lagkaptein eller «skip», står ved buet og rettleier dei andre. Kvar lagmedlem skal slå to steinar, og det blir spelt totalt 16 steinar i kvar omgang. Ein kamp omfattar 8–10 omgangar.

Meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]