Curly coated retriever

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Curly coated retriever

Curly coated retriever er ein hunderase av retrievertypen, opphavleg avla fram i England for jakt på fugl. Bakgrunnen for rasen er ikkje kjent, men ein reknar med at ein har brukt forskjellige fuglehundar i avlsarbeidet, til dømes den no utdøydde english waterdog, irsk vass-spaniel, setter, st. johnshund og puddel[1]. Det er den høgste av retrieverane og kjennast att på eit tett lag med krølla pels over heile kroppen. Curly coated retriever var saman med Wavy coated (no kjend som Flat-coated retriever) den første godkjende retrieverrasen, med første utstilling så tidleg som i 1860.[2]

Standard[endre | endre wikiteksten]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Curly coated er ein aktiv, muskuløs og høgreist rase veleigna til fuglejakt. Kroppsbygnaden skil seg noko frå dei andre, meir vanlege retrieverane. Rasen skal vere litt lenger enn si eiga høgd. pelsen skal ha tette, veldefinerte, harde krøllar. Haldninga skal vere balansert og smidig med eit uthaldande, sterkt og elegant uttrykk.

Farge[endre | endre wikiteksten]

Berre einsfarga svarte eller leverfarga dyr blir rekna som etter standarden. Enkelte kvite hår kan aksepterast på utstillingsdyr, men kvite flekkar blir sett på som ein alvorleg feil.

Augene bør vere svarte eller brune på svarte dyr, og brune eller ravfarga på leverfarga dyr. Gule auge er uvanleg.

Snuten bør vere fullpigmentert og same farge som pelsen på dyret.

Høgd og vekt[endre | endre wikiteksten]

Idealhøgd for hannhundar er 67,5 cm, medan tisper bør vere 62,5 cm. Vekta bør stå i høve til høgda på dyret.

Lynne[endre | endre wikiteksten]

Curly coated er ein apporterande fuglehund, og lynnet deira passar til dette formålet. Rasen blir ofte brukt som fuglehund, men i noko mindre grad enn andre retrieverar. Dette kan vere fordi rasen ikkje er særskild talrik. Dei eignar seg og godt som kjæledyr, og er livlege og leikne dyr. Så lenge dyret får nok mosjon kan det vere ein avslappa heimehund, noko som gjer at rasen passar både som aktivitetshund og familiedyr.

Rasen kan vere vaktsam ovanfor framande, men er svært lojale og kjærlege ovanfor eigen familie. rasen blir rekna som intelligent, men kan vere vanskeleg å trene fordi dei fort kjedar seg under repetitive dressurøkter.

Stell[endre | endre wikiteksten]

Pels[endre | endre wikiteksten]

Curly coated har ikkje underpels, og dei små, harde krøllane gjer at pelsen er svært enkel å stelle. Eit eksemplar brukt som selskapsdyr vil ikkje trenge særleg mykje pelsstell bortsett frå reinhald og å unngå flokar. Noko røyting må påreknast, men mindre enn mange raser med underpels. Tisper røyter ofte noko meir i løpetida, som vanlegvis er to gongar årleg. I område med store temperaturforkjelar gjennom årstidene må ein rekne med noko meir røyting om våren.

Utstillingsdyr får ofte trimma lengre hår frå halen, øyrene, magen, beina og/eller føtene. Dette er ikkje kravd for å stille ut, men ein kan få trekk frå enkelte dommarar. Barbering av pelsen er ikkje ynskjeleg.

Mosjon[endre | endre wikiteksten]

Rasen likar å røre seg, den er avla fram for uthald i naturen. Aktivitetar som agility passar bra for denne rasen sidan dei trivst utandørs og å jobbe saman med menneske. Curly coated er òg svært glade i vatn og sym gjerne i elver eller sjø.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Levetid[endre | endre wikiteksten]

Ein curly coated retriever lever gjennomsnittleg i 9-14 år.

Kjende medisinske problem hjå rasen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå Adlercreutz: Teknologisk forlags store hundeleksikon, N.W. Damm & Søn - Teknologisk forlag 2003, ISBN 8251204267
  2. Sjå den nederlandske kennelklubben