Dâmbovița

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dâmboviţa)
Dâmbovița
elv
Dâmbovița i Mănești, Dâmbovița fylke
Land  Romania
Nedslagsfelt 2 837 km²
Renn gjennom București
Lengd 286 km
Kjelde Făgărașfjella der elvane Valea Vladului og Boarcășu renn saman
 - høgd 2 100 moh.
Munning Argeș i București
Kart
Dâmbovița
45°29′54″ N 24°56′14″ E
Kart over Dâmbovița
Kart over Dâmbovița
Kart over Dâmbovița
Wikimedia Commons: Dâmbovița River

Dâmbovița er ei elv i Romania. Ho startar der elvane Valea Vladului og Boarcășu renn saman i Făgărașfjella. Frå her renn ho sørover og gjennom București før ho munnar ut i Argeș etter 258 km, nær Budești, i Călărași fylke. Dâmbovița fylke er kalla opp etter elva.

Dâmbovița i București[endre | endre wikiteksten]

I fleire hundreår var Dâmbovița den viktigaste drikkevasskjelda til București. Det var fleire vassbrønnar, men det meste av vatnet i București vart distribuert av vassberarar.[1]

I gamle soger frå București vert vatnet i Dâmbovița omtalt som «søtt», og sjølv på byrjinga av 1700-talet omtalte Anton Maria del Chiaro elva som «lett og rein». Mot slutten av hundreåret voks byen og elva vart forureina. Derfor trong ein akveduktar for å føre reint vatn til byen. Dei tidlegaste akveduktane vart bygd under fyrst Alexander Ypsilantis.[1]

Det vart bygd mange vassmøller langs Dâmbovița, dei fleste av dei eigd av fyrsten, klostera eller bojarar.

Dâmbovița hadde tidlegare to sideelvar i București:

  • Dâmbovicioara, på høgresida, som truleg rann i området der gata Sființii Apostoli ligg i dag.
  • Bucureștioara, som rann frå eit tjern der Grădina Icoanei i dag er.

I tillegg var det ei grein av elva kalla Gârlița, som forma øya Ostrovu.

Dâmbovița førte ofte til flaum i București, særleg på den lågare venstrebreidda. Etter storflaumen i 1775 gav Ypsilantis ordre om å byggje ein kanal for å hindre eller minske framtidige flaumar. I 1813 avgjorde fyrst Jean Georges Caradja at elveleiet skulle reinsast.[1] Delen av elva som renn gjennom hovudstaden vart kanalisert to gonger, først i 1883 (for å hindre flaum) og så seint i 1970-åra i samband med ombygging av sentrumsområde og bygginga av București Metro.

Det har aldri vore mogeleg med skipsfart på Dâmbovița, men det vart gjort mislukka forsøk med båtar på elva i 1902.[2]

Tidleg i historia si eksisterte det eit par bruer over Dâmbovița i București. I dag er det om lag eit dusin bruer over elva i hovudstaden.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Elva renn gjennom følgjande byar og landsbyar i Romania:

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Dâmbovița River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
  • Ştefan Ionescu, Bucureștii în vremea fanarioților, Editura Dacia, Cluj, 1974. p.28-30
  • Florian Georgescu et al. Istoria Orașului București, Muzeul de Istorie a Orașului București, 1965.
  • Trasee turistice - județul Argeș [1]
  • Trasee turistice - județul Dâmbovița [2]
  • Trasee turistice - județul Ilfov [3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ionescu s. 28-29
  2. Georgescu et al., s.392