Dörte Hansen
Dörte Hansen | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1964 (60 år) Husum |
Yrke | skribent, journalist, lingvist, kommentator |
Ektefelle | Sven Jaax |
Dörte Hansen på Commons |
Dörte Hansen (fødd 1964),[1] også kjend som Dörte Hansen-Jaax, er ein tysk lingvist, journalist og skribent.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Hansen var fødd i Husum i dåverande Vest-Tyskland og voks opp i Högel i Nordfriesland.[2] Familien hennar snakka nedertysk heime, og ho lærte sitt «fyrste framandspråk», standardtysk, i grunnskulen.[3]
Etter å ha fullført vidareagåande skule (Abitur) i 1984, studerte ho sosiolingvistikk, engelsk, romanistikk og frysisk ved Christian Albrechts University Kiel. I 1994 tok Hansen doktorgraden ved Universitetet i Hamburg med ei sosiolingvistisk avhandling om ei særskild form for tospråklegheit.[4]
Hansen er gift med dokumentarfilmskaparen Sven Jaax, og har ei dotter. Frå 2005 til 2016 budde ho med familien i Steinkirchen i Niedersachsen, og deretter i Husum.[5][6]
Virke
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha vore praktikant i magasinet Merian arbeidde ho fram til 2008 som journalist for fleire radiostasjonar (NDR, WDR, SWR, hr, DLF) og ulike magasin fram til 2012, og blei så permanent kulturredaktør for NDR Info.[7][3] Seinare har ho arbeidd som freelanceforfattar.
I den fyrste romanen sin, Altes Land (2015), tok Hansen kritisk for seg temaet heimland: mange bybuarar oppdaga landet som ein stad å lengta etter og flytta til ein landsby. Hansen meiner at dei er utsette for ein feil fordi dei berre speler bygdelivet og gjer det til «bondeteater».[3] Hansen knyter dette temaet til skjebnen til den kvinnelege protagonisten som heimlaus etterkrigsflyktning frå Aust-Preussen i Altes Land. Boka var ein bestseljar, og fekk ros frå dei fleste kritikarane.[8]
Den andre romanen hennar Mittagsstunde (2018) tek for seg det tyske landsbylivet. Dei kulturelle og mellommenneskelege endringane i den fiktive byen Brinkebüll i Nordfries blir skildra frå 1960-talet til samtida.[9] Forfattaren fortel historia utan å idealisera landlivet og teiknar i lakonisk språk ofte bisarre karakterar med mykje empati.[10][11]
Medlemskap
[endre | endre wikiteksten]- PEN-Zentrum Deutschland[12]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 2006: Kinderrechte-Medienpreises i radiokategorien for NDR-reportasjen sin Der Hamburger Kompass – Hilfe für Kinder alkoholkranker Eltern.[13]
- 2015: de (Lieblingsbuch der Unabhängigen) for Altes Land.
- 2016: de (Usedomer Literaturpreis) for Altes Land[14]
- 2019: Rheingau Literatur Preis for Mittagsstunde[15]
- 2019: Niederdeutscher Literaturpreis der Stadt Kappeln
- 2019: Grimmelshausen Literaturpreis for Mittagsstunde
- 2022: Mainzer Stadtschreiber[16]
- 2022: de (Kunstpreis des Landes Schleswig-Holstein)[17]
Publikasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Århammar, Nils; Tadsen, Christina; Wilts, Ommo (1993). Skriiw fresk ; Schriw frasch ; Skriiv friisk : teksten tu a fresk literatüürweedstridj 1989/90 (på vestfrisisk). Bräist/Bredstedt, NF: Nordfriisk Instituut. ISBN 3-88007-205-1. OCLC 28586962.
- Hansen-Jaax, Dörte (1995). Transfer bei Diglossie : synchrone Sprachkontaktphänomene im Niederdeutschen (på tysk). Hamburg: Kovač. ISBN 3-86064-292-8. OCLC 36252582.
- Fürchte dich nicht vor dem Familienberater. Reportage. In: Chrismon, December 2009.[18]
- Hansen, Dörte (2015). Altes Land Roman. München. ISBN 978-3-8135-0647-1. OCLC 897545345. (Der Spiegel Bestseller list number 1)[19]
- Hansen, Dörte (2018). Mittagsstunde Roman (på tysk). München. ISBN 978-3-328-60003-9. OCLC 1034623603. (Der Spiegel Bestseller list number 1)[19]
- Hansen, Dörte; Greibich, Bernd; Rauda (2019). Chronik der Gemeinde Rauda 1219–2019 (på tysk). Rauda: Gemeinde Rauda. OCLC 1162615623.
- Hansen, Dörte (2022). Zur See : Roman (på tysk). München. ISBN 978-3-328-60222-4. OCLC 1309075300.[20][21] (Der Spiegel Bestseller list number 2)[22]
Omsetjingar
[endre | endre wikiteksten]- Hansen, Dörte; Stokes, Anne Marie (2016). This house is mine. New York. ISBN 978-1-250-10085-6. OCLC 952567164.
- Hansen, Dörte; Hanišová, Viktorie (2016). Starý kraj [Altes Land] (på tsjekkisk). Brno. ISBN 978-80-7491-588-8. OCLC 950621108.
- Hansen, Dörte; Hanišová, Viktorie (2019). Polední hodina [Mittagsstunde] (på tsjekkisk). Brno. ISBN 978-80-7491-283-2. OCLC 1130266843.
- Hansen, Dörte; Pruijs, Lucienne (2016). Het oude land [Altes Land] (på nederlandsk). [Amsterdam]. ISBN 978-94-027-1330-5. OCLC 955350043.
Lydbøker
[endre | endre wikiteksten]- Hoger, Hannelore; Stockmann, Wolfgang (2015), Altes Land (audio book) (på tysk), Munich, ISBN 978-3-8371-3089-8, OCLC 950477703
- Hoger, Hannelore (2018), Mittagsstunde (audio book) (på tysk), Munich, ISBN 978-3-8371-4278-5, OCLC 1073860798
- Hoss, Nina (2022), Zur See (audio book) (på tysk), Munich, ISBN 978-3-8371-6068-0, OCLC 1344386020
Filmatiseringar
[endre | endre wikiteksten]- 2020: de (Altes Land (film)), regi Sherry Hormann[23][24]
- 2022: Mittagsstunde, regi de (Lars Jessen)[25][26]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Dörte Hansen». Munzinger Biographie (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Dörte Hansen spricht mit Mann und Tochter viel Plattdeutsch». presseportal.de (på tysk). 16. september 2022. Henta 27 November 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «2 nach 1: Dörte Hansen: Bestseller-Autorin». RadioBremen.de (på tysk). Arkivert frå originalen 24. mars 2016.
- ↑ Schreiber, Tim (8. april 2021). «Schreiben kann schrecklich sein – Geschrieben haben ist wunderbar». Universität Hamburg (på tysk). Henta 27. november 2022.
- ↑ «Dörte Hansens "Altes Land": Besuch am Set des ZDF-Zweiteilers». Hamburger Abendblatt (på tysk). 24 April 2019. Henta 27. november 2022.
- ↑ Vita in Chrismon, mars 2017, p. 14 a.
- ↑ «Bestseller-Autorin Dörte Hansen surft die Welle». Focus (på tysk). 30. juli 2015. Henta 27. november 2022.
- ↑ «Bestseller-Autorin Dörte Hansen surft die Welle». Süddeutsche.de (på tysk). 30 July 2015. Henta 27. november 2022.
- ↑ Magenau, Jörg (20 December 2018). «"Mittagsstunde" Dörte Hansen: Brinkebüll ist überall». Süddeutsche.de (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Mittagsstunde». rezensionen.ch (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ Schellhase, Andrea (23 October 2018). «Dörte Hansens bewegender Roman "Mittagsstunde"». vitaLibris (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Mitglieder». PEN-Zentrum Deutschland (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Gewinner des Kinderrechte-Medienpreises 2006 stehen fest/ Kindernothilfe-Stiftung zeichnet fünf Journalisten in Berlin aus». presseportal.de (på tysk). 12 November 2006. Henta 27 November 2022.
- ↑ «Dörte Hansen». Usedomer Literaturtage (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Rheingau-Literatur-Preis für Dörte Hansen». rbbKultur (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Dörte Hansen wird Mainzer Stadtschreiberin». Süddeutsche.de (på tysk). 11 November 2021. Henta 22 November 2021.
- ↑ «Kunstpreis des Landes Schleswig-Holstein für Dörte Hansen». NDR Mediathek (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Fürchte dich nicht vor dem Familienberater». chrismon (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ 19,0 19,1 Fitzek, Sebastian; Hansen, Dörte; Garmus, Bonnie; Link, Charlotte; Hoover, Colleen (30 September 2022). «"Zur See" ist Dörte Hansens nächster Bestseller». buchreport (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Dörte Hansen fährt in ihrem neuen Roman "Zur See"». Süddeutsche.de (på tysk). 28 September 2022. Henta 27 November 2022.
- ↑ Jeska, Andrea (6 October 2022). «Bei Dörte Hansen gibt's kein Happy End». NZZ Magazin (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Spiegel Bestsellerliste: Dörte Hansen mit "Zur See" direkt auf Platz 2». Charts – Lesering.de (på tysk). 29 September 2022. Henta 27 November 2022.
- ↑ «Altes Land». filmportal.de (på tysk). Henta 27 November 2022.
- ↑ «Altes Land». ZDFmediathek (på tysk). 6 September 2022. Henta 27 November 2022.
- ↑ Kuhn, Doris (22 September 2022). «"Mittagsstunde" im Kino: Es war einmal ein Dorf». Süddeutsche.de (på tysk). Henta 27 November 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Dörte Hansen» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2023.
Vidare lesing
[endre | endre wikiteksten]- Steensen, Thomas (2020). Nordfriesland – Menschen von A bis Z (på tysk). Husum, Nordsee: Husum Druck- und Verlagsgesellschaft mbH u. Co. KG. ISBN 978-3-96717-027-6. OCLC 1162620898.