Hopp til innhald

Dørstokkart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dørstokkart blir nytta av Artsdatabanken i samband med risikovurdering av framande artar. Dørstokkartar kan definerast som:[1]

  1. framande artar i naboland som er vurdert å kunna etablere seg i Noreg via sekundær introduksjon (artar som kan spreia seg ved eigenspreiing frå ville bestandar i naboland til Noreg, men er her vurdert å vera ein framand art i nabolandet)
  2. artar som det er sannsynleg kan spreiast til Noreg via menneskeskapte vektorar og som har artseigenskapar slik at dei kan etablera seg og formeira seg i Noreg.
  3. artar som passar i definisjonen «framand art», men som (førebels) berre lever og reproduserer seg i menneskeskapte installasjonar og naturtypar som ikkje er definerte som norsk natur, og som ein vurderer det er sannsynleg at kan koma til å etablera seg i norsk natur i løpet av eit 50-årsperspektiv.
  1. Gederaas, L., Moen, T. L., Skjelseth, S., Larsen, L-K. (red.) 2012. Fremmede arter i Norge - med norsk svarteliste 2012. Artsdatabanken, Trondheim