DES

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Data Encryption Standard (DES) er ein algoritme som vart utvikla på 1970-talet for å kryptere informasjon. Algoritmen vart tidleg sett på som kontroversiell; for det første vart funksjonaliteten løynd, og for det andre var krypteringsnøkkelen alt for kort til å kunne bli vurdert som sikker nok. Fleire meinte også at National Security Agency (NSA) hadde bygd inn ei «bakdør» i algoritmen, slik at dei var i stand til å lese all informasjon som var kryptert ved hjelp av DES.

DES vert i dag ikkje rekna som sikker nok til bruk i programvare. Dette er mykje grunna nøkkelstørrelsen på berre 56 bit (som ein har klart å bryte på under 24 timar), men det er òg påvist teoretiske svekkingar i sjølve algoritmen.

Teknologisk – og følgjeleg òg i samband med sikring – har DES vorte forbigått av krypteringsalgoritmen Advanced Encryption Standard (AES).