Dalälven
Dalälven | |||
elv | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 28 953,8 km² | ||
Lengd | 520 km | ||
Vassføring | |||
• middel | 379 m³/s | ||
Munning | Bottenviken | ||
- koordinatar | 60°38′30″N 17°27′00″E / 60.64167°N 17.45000°E | ||
Dalälven 60°38′30″N 17°27′00″E / 60.641666666667°N 17.45°E | |||
Kart som viser Dalälven.
| |||
Wikimedia Commons: Dalälven |
Dalälven er ei elv i det midtre Sverige. Ho renn i det nordlege Dalarna, i området aust og sør for Femunden i grensetraktene mot Noreg, og munnar ut i havet ved Skutskär i nordre Uppland. Dalälven vert ofte rekna som den sørlege grensa til Norrland.
Dalälven byrjar i traktene ved Stor-Våndsjön i det nordvestlegaste hjørnet av Dalarna. Ho er 542 km lang frå kjelda til havet og den tredje lengste elva i Sverige. Nedslagsfeltet er 28 954 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er cirka 350 m³/s.[2] Disponibel vasskraft er ca. 1420 MW, og av dette er rundt 2/3 er utbygd, med Trängslet som største kraftverk. Elva var tidlegare viktig for tømmerfløyting. Den øvre delen er delt i to elvar: Österdalälven (som renn gjennom innsjøen Siljan) og Västerdalälven. Desse to renn saman ved Djurås.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dalälven» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Län och huvudavrinningsområden i Sverige (SMHI) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2018, henta 18. juni 2012
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 12. august 2010, henta 18. juni 2012