Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Konungariket Sverige

(norsk: Sverige, svensk)

Det svenske flagget Det svenske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Du gamla, du fria»
Motto För Sverige i tiden
Geografisk plassering av Sverige
Offisielle språk Svensk
Hovudstad Stockholm
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Carl XVI Gustaf
Fredrik Reinfeldt
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
450 295 km² (55.)
8,67 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2007)
 – Tettleik
 
9 103 788 (92.)
9 113 257
20,2 /km² (155.)
Sjølvstende
  - Skild frå Danmark-Noreg
  - Skild frå Noreg
Historisk
6. juni 1523

7. juni 1905
Nasjonaldag 6. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
354 000 mill. USD (32.)
39 000 USD (17.)
Valuta Svensk krona
Tidssone UTC +1
Telefonkode +46
Toppnivådomene .se


Sverige, offisielt Kongedømet Sverige (svensk: Konungariket Sverige), er eit land på den austlege delen av den skandinaviske halvøya i Europa. Andre namn for Sverige er Svearike og Sverike. Sverige grensar direkte til Noreg og Finland. Den nordlege delen av landet er dekt av skog. Der vert det utvunne jern, og av trea frå skogane vert det produsert papir. Den sentrale delen av landet har fruktbare jorder ut mot kysten og er industrielt sentrum i landet. Særleg gjeld dette metallurgisk industri. Den sørlege delen av landet er primært involvert i landbruksproduksjon: kveite, potet, sukkerroer og kvegavl. Det er samstundes den delen av landet som er tettast folkesett. Kystområda ut mot Skagerrak og Austersjøen er svært forureina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologisk vitnesbyrd har prova at området som utgjer det noverande Sverige fekk sine første innbyggjarar under steinalderen, etter kvart som som innlandsisen frå den siste istida trekte seg attende. Dei første innbyggjarane var jegerar og samlarar som levde av naturrikdommane i Austersjøen.

Ei rekkje arkeologiske funn frå store handelssamfunn stør teorien om at det sørlege Sverige var tett folkesett under bronsealderen.

Gjennom 800- og 900-talet var vikingkulturen dominerande i Sverige med handel, plyndringar og kolonisering mot aust, særskilt i dei baltiske landa, Russland og Svartehavet.

Sverige var delt opp i fleire rike. Døme på svenske rike var Västergötland, Östergötland, Svitjod, Södermanland, Värmland og Hälsingland. Først frå kong Magnus Ladulås av Sverige (d. 1290) kan ein rekna med eit samla Svearike. (I Danmark vart sveariket kalla Sverige. Etter unionstida med Danmark vart Sverige namnet på Svearane sitt rike, Svearike).

I 1389, vart dei tre landa Noreg, Danmark og Sverige sameint under ein konge. Kalmarunionen var ikkje ein politisk union men ein personalunion, og gjennom 1400-talet freista Sverige å motstå eit dansk sentralisert styre under den danske kongen. Sverige braut ut av Kalmarunionen i 1523, då Gustav Eriksson Vasa gjenetablerte den svenske krona.

På 1600-talet vart Sverige ei av stormaktene i Europa, etter at landet med suksess hadde teke del i 30-årskrigen. Denne posisjonen forsvann på 1700-talet då Russland tok over som den dominerande makta i Austersjøområdet etter den store nordiske krigen.

Nyare svensk historie har vore fredfylt. Den nest siste krigen var mot Russland i 1809, då Sverige tapte Finland. Den siste krigen var mot Noreg sommaren 1814. Krigen enda med konvensjonen på Moss, der kronprinsen av Sverige aksepterte den nye norske grunnlova av 17. mai og kongen av Noreg gjekk med på å abdisera for å gjera ein personalunion med Sverige mogleg. Krig trua med å bryta ut i 1905 då det norske Stortinget erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Krigen vart unngått ved forliket i Karlstad i 1905. Sverige var nøytralt under første og andre verdskrigen og under den kalde krigen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Sverige er eit konstitusjonelt monarki med parlamentarisk styresett. opp gjennom historia har den lovgivande makta vore delt mellom kongen og Riksdagen. Den utøvande makta var delt mellom kongen og eit adelsråd fram til 1680, då kongeleg einevelde vart innført.

Parlamentarismen vart introdusert i 1917 då kong Gustav V av Sverige, etter ein lang kamp, aksepterte å utnemne regjeringa etter fleirtalsavgjersler i Riksdagen. Seinare, i 1918–1921, vart allmenn stemmerett innført. I 1975 vart kongen si politiske makt fjerna ved grunnlovsendring. Monarkiet vart bevart som ein formell, men reint symbolsk institusjon, med seremonielle plikter for monarken.

Etter grunnlova er Riksdagen, med 349 medlemer, den øvste myndigheita i Sverige. Riksdagen kan endre grunnlova. For at Riksdagen skal kunne endre grunnlova vert det kravd eit dobbeltvedtak, og det skal haldast eit riksdagsval mellom desse to vedtaka. Lovgiving kan leggjast fram av regjeringa eller av ei gruppe eller enkeltrepresentantar frå Riksdagen. Medlemene av Riksdagen vert valde etter eit proporsjonalt valsystem for ein fireårsperiode.

Det juridiske systemet er oppdelt i rettsinstansar som handhevar sivile rettsaker og straffesaker, dessutan spesialrettsinstansar som har ansvaret for det juridiske forholdet mellom offentlegheita og regjeringa eller andre offentlege myndigheiter. Sveriges rettssystem er oppdelt i instansar beståande av lokale rettsinstansar (byrettar), regionale appellrettsinstansar (landsrettar) og ein høgsterett.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Sverige

I det sørlege Sverige er lauvtre i fleirtal, i dei nordlege områda er gran og bjørk dominerande i landskapet. I Nord-Sverige, som er prega av fjell, har landet eit subarktisk klima. I den delen av landet som ligg nord for polarsirkelen går sola ikkje ned i løpet av sommaren, og natta varer heile døgnet om vinteren.

Aust for Sverige ligg Austersjøen og Bottenvika, noko som gir landet ei lang kystlinje. Mot vest ligg den skandinaviske fjellkjeda, som skil Sverige frå Noreg.

Den sørlege delen av landet er oppdyrka, med meir og meir skog jo lenger nordover ein kjem i landet. Folketalet fylgjer same mønster, med høg folketettleik i sør, særskilt omkring dalen ved sjøen Mälaren og i Øresundregionen. Lenger mot nord er folketettleiken lågare.

Len i Sverige

Sverige er oppdelt i 21 fylke eller län. I kvart fylke finst ein fylkesadministrasjon eller länsstyrelse, utnemnd av regjeringa. I kvart fylke er det òg eit landsting som er den lokale befolkninga sitt folkevalde organ. Kvart län er ytterlegare oppdelt i ei rekkje kommunar, i alt 289 pr. 2002. Tidlegare har det òg vore andre historiske oppdelingar av Sverige i fylke og regionar.

Det høgaste fjellet i Sverige er Kebnekaise på 2104 moh. Den største innsjøen er Vänern som er tredje største innsjø i Europa. Gotland og Öland er dei største øyane i landet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Sverige strekkjer seg langs dei same breiddegradene som Noreg, ligg dei på austsida av dei norske fjella, og dette påverkar klimaet ein god del. Dette hindrar i stor grad den milde Atlanterhavslufta i å strøyme inn over landet, og gjer klimaet ein god del kaldare enn i Noreg.

Dei sørvestlege områda av Sverige har mykje det same klimaet som Danmark og Nederland, særleg Göteborg og andre stader langs kysten av Kattegat. Her er det fuktig og kjølig om vinteren med regn og snø om ein annan, medan sommaren har regnbyer, men ofte lyst og mildt vêr. Nordlege delar av Sverige har derimot eit mykje meir kontinentalt klima, der somrane om lag er like milde som i sør, medan vinteren er mykje kaldare. Bottenvika frys vanlegvis til i løpet av vinteren, og dette gjer at iskald luft frå Russland eller Barentshavet kan strøyme inn i Nord-Sverige utan å gå over ope hav. I tillegg er vinteren ofte skya med lett snøfall lange periodar i strekk. Når vinden bles frå Atlanterhavet og over fjella i Noreg, tørkar lufta opp og vert litt varmare, slik at temperaturen i sentrale og sørlege delar av Sverige ofte ligg over 0 °C med forholdsvis tørre vêrforhold. Lågtrykk i Austersjøen kan derimot føre til kraftig snøfall òg i dei meir sørlege områda av Sverige.

Våren er den tørraste og minst skya tida på året i det meste av Sverige. I mai har som regel mesteparten av snøen smelta, bortsett frå heilt nord og i fjella, og temperaturane aukar. Om sommaren er temperaturen blitt så pass høg at ein ganske ofte kan få torevêr. Torebyene vert som regel danna over fjella om ettermiddagen, og går austover om kvelden. Derfor får kysten av Bottenvika ofte meir sol enn fjellområda om ettermiddagen. Låglandet nær Stockholm og Uppsala er oftast det varmaste området om sommaren, men temperaturen minkar berre sakte på veg nordover. Til og med i Lappland heilt i nord har ein gjennomsnittleg maksimumstemperaturar over 16 °C om sommaren. Ein kan derimot få frost over 1000 m sjølv på sommarstid, og dette området er som regel det kaldaste i heile Skandinavia om vinteren.

Stockholm har ein årleg nedbørsnormal på 554 mm, Göteborg har 670 mm, medan Piteå i nord har 517 mm.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Understøtta av fred og nøytralitet gjennom heile 1900-talet har Sverige oppnådd ein svært høg levestandard. Dette er bygd opp ved ein blandingsøkonomi av kapitalisme og utdeling av betydelege velferdsgoder gjennom ei skattefinansiert omfordeling av landet sine rikdomar. Landet har eit moderne distribusjonssystem, gode interne og eksterne kommunikasjonsmiddel og ein velutdanna arbeidsstyrke. Tømmer, vasskraft og jernmalm er viktige naturressursar i ein økonomi som er sterkt orientert mot handel med utlandet.

Private selskap står for cirka 90 % av landet sin industrielle produksjon. Maskinindustrien står for 50 % av produksjonen og eksporten. Landbruket utgjer åleine 2 % av brutto nasjonalprodukt og sysselset òg berre 2 % av arbeidsstyrken. Den svenske nasjonalbanken fører ein inflasjonsstabiliserande politikk med ei målsetjing om ein årleg inflasjon på 2 %.

Satellittbilde (tatt om vinteren) over Skandinavia syner Sverige midt i bildet.

Kommunikasjons- og transportsystemet i Sverige er vesentlege element i landet sin velutbygde infrastruktur.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Berekna folketalsutvikling i Sverige1991-2050 fordelt på aldersgrupper. Datakjelde: U.S. Census Bureau.

I tillegg til svenskar lever eit lite tal samar i den nordlege delen av landet. Den største minoritetsgruppa er finnane og andre nordiske folk. Dei siste tiåra har ei lang rekkje innbyggjarar frå Italia, det tidlegare Jugoslavia, Irak, Iran, Vietnam og Chile samt kurdarar og palestinarar innvandra til landet.

Sjølv om Sverige ikkje har eit offisielt språk, er de facto-språket svensk, med ein finsktalande minoritet. Samane har òg sine eigne to språk, som ikkje er i slekt med svensk. Sidan 1999 har Sverige hatt fem offisielle minoritetsspråk: finsk, samisk, meänkieli, romani chib og jiddisch.

Sverige har ei lang rekkje religionar. Hovuddelen av befolkninga er medlemer av Svenska kyrkan, som i 2000 vart skild frå staten. Det er òg ei rekkje muslimar i Sverige, med bakgrunn i innvandringa frå muslimske land.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Svensk kultur på 1900-talet er kjenneteikna ved pionerarbeid i filmens tidlege dagar av Mauritz Stiller og Victor Sjöström. Seinare gjorde Ingmar Bergman og skodespelarar som Greta Garbo, Ingrid Bergman og Anita Ekberg karriere òg utanfor landets grenser.

Songar av Bellman, Evert Taube og Birger Sjöberg er internasjonalt kjende. ABBA vert ofte sett lik ny svensk populærmusikk, men nye grupper som Roxette, The Cardigans, Soundtrack of our lives og The Hives har også i det siste vorte internasjonalt kjende.

Svensk litteratur er også godt kjend, med namn som Astrid Lindgren. Svenske forfattarar har oppnådd ei lang rekkje nobelprisar i litteratur. Oppdelt på land er Sverige den tredje største mottakaren av Nobelprisen i litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sverige