Dasymeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Historisk teikning av eit dasymeter.

Dasymeter (av gresk δασύς, ‘tett’ og -meter, målereiskap)[1] er eit apparat som vert nytta til å bestemme tettleiken av ein gass ved å måle oppdrifta ein lekam får når han vert senka ned i gassen. Dasymeteret består av ein stor, tynnvegga, lukka glasbehaldar, som vert vege i gassen ein skal bestemme tettleiken av og i ein gass med kjend tettleik eller i vakuum. Dasymeteret vart først brukt av Robert Boyle for å finne tettleiken til luft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «dasymeter». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)