Hopp til innhald

David Rudisha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Rudisha

David Rudisha under friidretts-VM 2011
Foto: Erik van Leeuwen
StatsborgarskapKenya
Fødd17. desember 1988 (36 år)
Kilgoris
Idrettfriidrett
Tok del i 2006 World Junior Championships in Athletics – men's 800 metres, 2008 African Championships in Athletics – men's 800 metres, 2009 IAAF World Athletics Final, 2010 African Championships in Athletics – men's 800 metres, Kontinentalcupen i friidrett 2010, Q3240375, Q3240409, 2011 World Championships in Athletics – men's 800 metres, Q2818454, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 800 meter herrer, athletics at the 2014 Commonwealth Games – men's 800 metres, Diamond League 2014, VM i friidrett 2015 – 800 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 800 meter menn

David Lekuta Rudisha (fødd 17. desember 1988) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 800 meter. Han vart verdsmeister 2011 og 2015 og olympisk meister 2012 og 2016 på spesialdistansen.

Rudisha vart afrikansk meister på 800 meter både i 2008 og 2010. Den 22. august 2010 sprang han på eit toppstemne i Berlin inn til ny verdsrekord på distansen med tida 1.41,09, og sletta dermed den 13 år gamle rekorden til kenyansk-danske Wilson Kipketer. Ei veke seinare forbetra han rekorden til 1.41,01 i italienske Rieti.

I 2011 vann Rudisha VM-gull i Daegu framom sudanesaren Abubaker Kaki og russiske Jurij Borsakovskij, vinnartid 1,43,91. Året etter stod han for ein fantastisk prestasjon då han leia 800-meteren under Sommar-OL i London frå så å seie start til mål. Med vinnartida 1.40,91 forbetra han verdsrekorden for tredje gong.

Rudisha er den fyrste av masai-stammen som har vunne OL-gull. Far hans, Daniel Rudisha, vann OL-sølv med Kenya sitt lag på 4 x 400 meter stafett under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]