Deception-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Deception River)
Hopp til navigering Hopp til søk
Deception-elva (Deception River)
elv
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Lengd 17 km
Munning Otiraelva
Kart
Deception River

Deception-elva er ei elv på SørøyaNew Zealand. Ho er ei sideelv til Otiraelva i regionen West Coast, og renn stort sett i nordleg retning frå utspringet i hellingane under Mount Franklin. Ho renn nær Goat Pass, som gjev tilgang til Mingha River. Nesten heile elveløpet ligg innanfor nasjonalparken Arthur's Pass National Park[1].

Elva vart i si tid kalla «Goat Creek» ('Geitebekken'). Ho vart utforska om kring år 1900 som ei mogeleg alternativ rute for jarnvegslinja Midland Line, og landmålaren åtvara mot at vass-standen i elva kunne vera bedragersk (deceiving). Om lag tre månandar seinare valda flaum i elva inn i dalen Otira Valley skade på jarnvegen for fleire tusen pund, og elva fekk namnet ho ber i dag.[2]

Miljøverndepartementet, Department of Conservation, vedlikeheld ein tursti langs elva, og han er ein del av den årlege mangekamptevlinga Coast to Coast Race.[3] Der er tilgjengelege villmarkshytter for fotturistar, ei nær Goat Pass[4] og ei anna litt lenger nede langs elva.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Dowling, red. (2004). Reed New Zealand Atlas. Reed Books. Kart 69,70. ISBN 0-7900-0952-8. 
  2. «Deception River». The New Zealand Railways Magazine 9 (1). 2. april 1934. Henta 16. januar 2013. 
  3. «Arthur's Pass: Mingha - Deception route». Department of Conservation. Henta 16. januar 2013. 
  4. «Goat Pass Hut» (PDF). Department of Conservation. Henta 16. januar 2013. 
  5. «Upper Deception Hut». Department of Conservation. Henta 16. januar 2013. 

Koordinatar: 42°48′S 171°36′E