Decorah
| Decorah | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 18,494081 km² | ||
| Folketal | 7 587 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Decorah 43°18′06″N 91°47′25″W / 43.3017°N 91.7903°W | |||
| Wikimedia Commons: Decorah, Iowa | |||
Decorah er ein by i Winneshiek County i Iowa i USA.[2] Ved folketeljinga i 2010 hadde byen 8127 innbyggjarar.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Staden var opphavleg folkesett av winnebagofolk, som hadde ei busetjing her rundt 1840. I 1848 blei desse folka flytta av dei amerikanske styresmaktene til eit nytt reservat i Minnesota, og landsbyane deira i Iowa blei opna for europeisk-ætta nybuggjarar. På 1850- og 1860-talet auka innbyggjartalet kraftog på grunn av slike tilflyttarar. Mange av desse var norsk-amerikanarar, og byen har sidan hatt ei viktig stilling i norsk-amerikansk kultur
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Tidleg i juli husar Decorah Nordic Fest, ei feiring av norsk kultur med folkedans, mat og musikk. Decorah er òg heimstad for Vesterheim Norwegian-American Museum. Fram til 1972 vart Decorah Posten, ei av dei største norskspråklege avisene i USA, gjeven ut her.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑
Feil: Klarte ikkje visa kjelda frå Wikidata rett. Tekniske detaljar:
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P98, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen. - Grunnen til at {{Kjelde på Wikidata}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P854, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen.
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
- ↑ «Find a County». National Association of Counties. Arkivert frå originalen 31. mai 2011. Henta 7. juni 2011.
- ↑ «American FactFinder». United States Census Bureau. Henta 11. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Decorah, Iowa» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2019.
