Dedalus Dølg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dedalus Dølg er ein figur i den litterære verda som av den britiske forfattaren J.K. Rowling har skapt om Harry Potter og skulegangen på Galtvort.

Dedalus Dølg er trollmann, medlem av Føniksordenen, og ein av vaktane som hjelpte Harry Potter å rømme frå heimen til familien Dumling. Harry hugsar òg Dølg som ein som bukka til han utenfor ein butikk ein gong. Harry møtte Dølg i Den lekke heksekjel i Harry Potter og De vises stein, og han kan verta sett i den scenen i filmen, spelt av David Brett. Dølg vert av Minerva McSnurp skildra slik: «der har det alltid skorta på vettet», etter at han, natt til 1. november 1981 feira Voldemorts fall ved å skyte stjerneskot over Kent. Dølg nyttar ein fiolett dress med matchande flosshatt, og hatten har ein liten blome i bremmen.