Dei serbiske Karpatane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei serbiske Karpatane merka med rosa på kartet.

Dei serbiske Karpatane er ein del av Karpatane som ligg i Serbia og vert stundom rekna som ein del av Dei sørlege Karpatane i lag med Banatfjella.

I Serbia strekkjer Karpatane seg frå nord til sør i austlege område av landet, vest for Velika Morava-dalen, aust for Timokdalen og nord for Nišavadalen.

Sjølv om fjella geologisk sett høyrer til Karpatane, er det berre nyleg at dei har vorte rekna som ein del av denne fjellkjeda. Tidlegare vart fjella feilaktig rekna til Balkanfjella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]