Delbarheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Delbarheit (engelsk parting) er nemning for at eit mineral kan delast etter særskilde svakheitsplan. Desse kan vere skapt av tvillingdanning, deformasjon eller inneslutningar som er orientert langs visse krystallografiske plan. Som døme kan nemnast diallag, ein varietet av pyroksen. Fenomenet liknar på spaltbarheit, men må ikkje forvekslast med dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]