Hopp til innhald

Den 17de Mai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den 17de Mai
LandNoreg
TypeAvis
Grunnlagd1894
Nedlagd1935
SpråkNynorsk
Den 17de Mai nr. 10 1894. Tittelhovudet teikna av Erik Werenskiold

Den 17de Mai var namnet på ei norsk avis i tida 1894 til 1935.[1] Bladet var oppkalla etter den norske grunnlovsdagen 17. mai. Avisa hadde undertittelen «Norskt Folkeblad». I 1935 skifta avisa namn til «Norsk Tidend». Landsmål var hovudmål i avisa, avisa er difor vorte kalla ei «målavis» eller «norskdomsblad».

Tysdag 9. januar i 1894 kom fyrste utgåva av Den 17de Mai. Arne Garborg og Rasmus Steinsvik gjorde opptak til bladet. Hulda Garborg døypte bladet, og Arne Garborg vart med i bladstova (redaksjonen). Dei same personane var òg knytt til Fedraheimen.

Den 17de Mai kom i fyrstninga ut «kver tirsdag, thorsdag og laurdag» og kosta kr. 1,10 «fjordungaaret» (kvartalet), kr. 6,10 til Amerika, «send 1 gong um vika». I 1910 var bladet mellom dei med mest tingarar i heile landet. Frå 1914 kom bladet ut dagleg. Slik fekk ein eit dagleg nynorsk riksorgan.

Bladstyrarar (redaktørar)

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Dalhaug, Ole: Den 17de mai : Rasmus Steinsvik 1863-1913, 1997.
  • Gausemel, Steffen: Rasmus Steinsvik, hovudoppgåve i norsk. Universitetet i Oslo 1937.
  1. Hetland, Tom; Allkunne (26. november 2024). «Den 17de Mai». Store norske leksikon (på norsk).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]