Den baltiske straumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den baltiske straumen er ein havstraum som fører brakkvatn ut av Austersjøen, samstundes som ein saltare straum frå Skagerrak fører vatn inn i Austersjøen. Saliniteten i den inngåande understraumen, 28 ‰ er dobbelt så stor som i den utgåande overflatestraumen, 14 ‰ salt. På grunn av at tilsiget frå elvene og nedbør er mykje større enn fordampinga vert det ført dobbelt så mykje vatn ut gjennom sunda ved Danmark, som det kjem inn. På den måten vert saltinnhaldet i Austersjøen halde konstant.

I Skagerrak går Den baltiske straumen over i Den norske kyststraumen, som følgjer sørkysten av Noreg.

Sidan dei indre områda av Austersjøen frys til om vinteren, er det kaldt vatn som vert ført med Den baltiske straumen til Skagerrak. Dette kalde vatnet gjer at det oftare oppstår tåke langs kysten av det sørleg Noreg om våren enn til andre tider av året, då varm luft strøymer over den kalde sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]