Den gamle verda
Hopp til navigering
Hopp til søk
Omgrepet «den gamle verda» blir bruka for å nemne kontinenta av jorda som europearane kjente før Kristoffer Columbus seglde til Amerika i 1492, det vil seie Europa, Afrika og Asia.
Motsettinga er «den nye verda» som femnar om Nord-Amerika og Sør-Amerika.
Australia og Antarktis blei ikkje inkludert i omgrepa fordi desse kontinenta var ukjente i Europa då dei to omgrepa oppstod. Tidlegaste kjente bruk av omgrepet «den nye verda» er frå 1500-talet då Pietro Martire d'Anghiera skreiv om Amerika.