Den internasjonale romfartsdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gagarin og raketten som tok han til verdsrommet

Den internasjonale romfartsdagen er den 12. april og vart oppretta av Hovudforsamlinga i FN i 2011. Dagen vart vald fordi det er årsdagen for at Jurij Gagarin i 1961 som første menneske forlet jorda. I vedtaket sitt seier hovudforsamlinga at det er i den felles interessa til heile menneskeslekta å utforske verdsrommet og ta det i bruk på ein fredeleg måte.

I Russland har dagen vore feira sidan 1962 som «Kosmonautdagen»

Kjelde[endre | endre wikiteksten]