Den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag.[1] Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur- og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og omfattar alle skular i Noreg. Fylkeskommunen har ansvar for koordineringa regionalt, men kommunane har også høve til å utvikle sitt eige program. Det er stor variasjon i korleis skulesekken vert organisert på regionalt og lokalt nivå.
Målsetjing[endre | endre wikiteksten]
Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:
- å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
- å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
- å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.
Gullsekken[endre | endre wikiteksten]
Gullsekken var den årlige prisutdelinga som er knytt til Den kulturelle skulesekken. Éin skule og éin produksjon vinn kvar sin pris, og vert kåra av ein fagjury.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Kulturrådet - Den kulturelle skulesekken Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine. 22.01.14
- ↑ Nettsida til Gullsekken Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. 22.01.14