Den nasjonale flaggplassen
Utsjånad
Den nasjonale flaggplassen (aserbajdsjansk Dövlət Bayrağı Meydanı) er ein stor plass i Baku i Aserbajdsjan. På torget står ei 162 meter høg flaggstong, der det heng eit 70x35 meter stort aserbajdsjansk flagg, reist i 2010. Ho var med i Guinness rekordbok som verdas høgaste fram til Dushanbe Flagpole overtok tittelen.
Plassen ligg like ved Bakı Kristal Zalı og enden av Baku Bulvar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «National Flag Square» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2012.