Torg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torget i Krakow, det største mellomaldertorget i Europa.[1]
Damplassen i Amsterdam måla på 1600-talet.
Torget i Stavanger ligg sentralt i byen, mellom kaien og domkyrkja.
Streikande demonstrerer på Plaza de Armas i Arequipa i Peru.

Torg (frå gammalrussisk torgŭ, 'marknadsplass', gjennom svensk) er ein open plass i ein by brukt til handel. Torg kan også fungera som offentlege stader for møte og seremoniar, og er ein viktig del av det offentlege rommet. Torg er særleg utbreidde i område med europeisk innverknad, det vil seie i Europa og tidlege koloniar i Den nye verda.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Torg ligg på sentrale stader i byar. Dei kan omfatta område på nokre få til fleire tusen kvadratmeter. Torg er ofte dekte med brustein, naturstein, betong eller asfalt. Dei kan vera utsmykka med sentralt plasserte fontener, statuar, monument, tre og liknande.

Ofte ligg det rådhus, kyrkjer og hotell ved torga. I dag finn ein også ofte kaféar, restaurantar og underhaldningsstader som operaer og teater rundt torg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torg var offentlege forsamlingstader i antikk bykultur. Gjennom tidene blei handel og viktige bygningar gjerne samla ved torga. Her kunne tilreisande bønder og fiskarar selja varene sine direkte til bybuarane. Nokre stader var det forbode å selja varer utandørs andre stader enn på torget. I større byar kunne ein ha ulike torg for særskilde varer, som blometorg, fisketorg og slaktartorg.

Etterkvart blei torghandelen mange stader innskrenka og marknadane flytta inn i torghallar, store bygningar med plass til buer. Her blir det ofte drive engroshandel. Det blir fortsatt drive torghandel mange stader, men han er ofte regulert slik at ein til dømes berre kan selja visse varer.

Dei opne torgplassane blei i større grad tekne i bruk som plassar til høgtideleg bruk og som del av byutforming, og smykka ut. I mange moderne byar har ein også utforma opne plassar meir som parkar eller stasområde enn som handelsstader. Medan torg har vore brukt av styresmaktene til å uttrykka prakt eller status, har dei også vore brukt av folkemassar til å samla seg og protestera.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

På gresk heiter torg «agora», som har gjeve det moderne omgrepet «agorafobi», og på latin «forum», som i dag er nytta om ei rekkje verkelege eller tenkte stader der ein utvekslar idéar.

På dei nordiske språka bruker ein «torg» eller «torv» som kjem frå gammalrussisk torgŭ og tyder 'marknadsplass', eller (open) plass. På dei romanske språka er den opne plassen kjend som place (fransk), plaza (spansk) og piazza (italiensk), på tysk heiter han Platz og på engelsk square.

Plassar som samsvarer ein del med torg i Midtausten heiter midan på arabisk og maidan på persisk, hindi og urdu.

Kjende torg[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rick Steves, Cameron Hewitt (2010), Rick Steves' Snapshot Krakow, Warsaw & Gdansk, Avalon Travel, s. 41 

«torg» i Store norske leksikon, snl.no.