Den store hungersnauda i Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Famin memorial; eit minnesmerke i Dublin

Hungersnauda i Irland (engelsk The great Famine, irsk An Gorta Mór eller An Drochshaol) var ei stor hungersnaudIrland frå 1845 til 1849. Hungersnauda kom som følgje av at kraftige tørråteåtakpoteten hadde øydelagt store delar av potetavlingane til irane.

På den tida var poteten den viktigaste næringskjelda til folket på Irland. Den hardhendte innkrevinga av landskyld som jordeigarane gjennomførte også i desse naudsåra, var med å forsterke følgjene av hungeren, og har heilt opp til vår tid vore med å byggje opp ein grunnleggjande mistillit mot engelskmenn blant irane. Ein reknar med at mellom 500 000 og 1 000 000 irar døydde som direkte eller indirekte følgje av hungeren. Endå fleire såg seg nøydde til å forlate Irland når livsgrunnlaget var borte. I store flokkar emigrerte dei til England, USA, Canada, og Australia. Folketalet har aldri sidan nådd opp mot nivået det hadde før hungersnauda braut ut.