Den tomme stolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Den tomme stolen


Opph. The Casual Vacancy

Forfattar J.K. Rowling
Sjanger Vaksen og svart humor/tragikomedie
Utgjeve 27. september 2012
Forlag Little, Brown and Company
Nasjonalitet Storbritannia
Omsetjar John Erik Bøe Lindgren
Sider 512
ISBN 978140874202

Den tomme stolen (orig. The Casual Vacancy) er ein roman av J.K. Rowling, gjeven ut av forlaget Little, Brown and Company 27. september 2012 og er på 512 sider.[1][2][3][4] Romanen, som er den fyrste boka til forfattaren etter Harry Potter-serien, er skriven for vaksne lesarar.

Boka vil kome ut på norsk i november 2012 av forlaget Cappelen Damm, som òg har gjeve ut Harry Potter-bøkene.[5] Tom Hollander skal lese inn den engelske lydbokutgåva.[6]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Little, Brown and Company beskreiv handlinga på heimesida deira:

« Barry Fairbrother er i byrjinga av førtiåra sine når han heilt uventa døyr, noko som etterlèt den engelske landsbyen Pagford i sjokk. Staden verkar som eit engelsk idyll, med torg lagt med brustein og sitt historiske kloster. Men under den vakre fasaden er det ein by i krig. Det ledige setet Barry etterlèt seg i soknerådet blir snart kjelde til den største konflikten byen har opplevd. Kven vinn valet prega av lidenskap, dobbeltspel og uventa avsløringar?[7]  »

Karakterar[endre | endre wikiteksten]

The Telegraph publiserte ein guide til 34 av hovudpersonane i boka. [8]

Bakgrunn og utgiving[endre | endre wikiteksten]

Rowling fekk ideen om boka under ei flyreise. Under arbeidet med boka tenkte ho å kalle henne Responsible (Ansvarleg).[9]

Rowlings byrå, The Blair Partnership, annonserte 23. februar 2012 på nettstaden sin at Rowling skulle publisere ei ny bok retta mot vaksne. I ein pressemelding sa Rowling forskjellane mellom sitt nye prosjekt og Potter-serien, og sa «sjølv om eg har hatt gleda av å skrive seriane like mykje, vil den neste romanen min vere svært forskjellig frå Harry Potter-serien.» 12. april 2012, kunngjorde Little, Brown and Company at boken ble kalla The Casual Vacancy (Den tomme stolen) og ville bli gjeven ut 27. september 2012.[10] Rowling var på London Southbank Centre [11] og Cheltenham litteraturfestival.[12]

Omslaget er designa av Jon Gray, som er kjend for å lage hand-skribla omslag for Jonathan Safran Foers Everything Is Illuminated.

Forventningane til var boka enorme, spesielt av Harry Potter-fans. Redaktøren av Harry Potter-nettstaden The Leaky Cauldron seier at «J.K. Rowling er ein meister i historiefortelling, og eg kjem til å lese alle historiene ho skriv.»[13] Til trass for den store mengda fans, meiner Kathryn Fabiani at bokutgivinga virkar «nesten usynleg».[14]

Rowling sa i eit interjuv at ho ikkje trur boka er ei som ikkje passar til å bli filmatisert. [15]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Lev Grossman skreiv for Time Magazine i ei positiv vurdering, «Den [boka] er ein stor, ambisiøs, strålande, profan, morsam, djupt opprørande og praktfull veltalande roman om det moderne England, rik med litterær intelligens og full mangel på tull.»[16] Mellom anna The Daily Mirror, The Wall street Journal [17] og lesarar av Associated Press og Daily Beast [18] [19] gav òg ein svært positiv vurdering. Emma Lee-Potter som skriv for Express.co.uk kalla boka «ei svært leseleg, moralsk forteljing for vår tid.» [20]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. littlebrown.co.uk: The Casual Vacancy
  2. jkrowling.com: The new book
  3. Snitch Seeker: jk rowlings the casual vacancy cover art revealed updated summary
  4. Hachette bookgroup
  5. Forlagsliv.no: "Hva bør The casual vacancy hete på norsk?"
  6. Hachette bookgroup: The casual vacancy
  7. Memmott, Carol J. K. Rowling's next book: 'The Casual Vacancy' USA Today, 12. April 2012.}}
  8. The Telegraph (September 27, 2012) "JK Rowling: The Casual Vacancy - the cast of caricatures"
  9. Schuessler, Jennifer (4 July 2012). "Readers Judge New Rowling Book By Its Cover". New York Times.
  10. Little, Brown & Company (2012). "The Casual Vacancy".
  11. "J K Rowling launches new novel at Southbank Centre". The Londonist. Retrieved 2 August 2012.
  12. "J K Rowling to appear at Cheltenham Literature Festival". BBC News. Retrieved 2 August 2012. for å støtte utgivinga.
  13. "J.K. Rowling writes 'Casual Vacancy' for adults" USA TODAY.
  14. "J.K. Rowling writes 'Casual Vacancy' for adults" Deirdre Donahue and Craig Wilson, USA TODAY. 8/23/2012
  15. J.K. Rowling discusses 'The Casual Vacancy', its potential for film adaptation, and more with USA Today 25.9.2012, Mugglenet,
  16. Grossman, Lev. "After "Harry Potter". Time. 27. september 2012.
  17. Sutton, Henry. "The Casual Vacancy first review: Verdict on JK Rowling's very adult new novel". Daily Mirror. 28. september 2012.
  18. HAJELA, DEEPTI. "J.K. Rowling's debut novel for adults worth a read". Associated Press. 27. september 2012.
  19. Jones, Malcolm. "‘The Casual Vacancy’ Review: J.K. Rowling Cuts Loose From Harry Potter". Daily Beast. Retrieved 27 September 2012.
  20. Lee-Potter, Emma. "THE CASUAL VACANCY REVIEW: WHY JK ROWLING'S ADULT BOOK IS MAGIC". express.co.uk. Retrieved 28 September 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]