Dent de Crolles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dent de Crolles
fjell
Dent de Crolles, sett frå Saint-Pancrasse (sør)
Land  Frankrike
Fjellkjede Chartreuse-fjella
Høgd 2 062 moh.
Koordinatar 45°18′30″N 5°51′19″EKoordinatar: 45°18′30″N 5°51′19″E
Kart
Dent de Crolles
45°18′30″ N 5°51′19″ E
Wikimedia Commons: Dent de Crolles

Dent de Crolles er eit karst-fjell på 2062 meter i Chartreuse-fjella som ligg 20 km nordaust for Grenoble og Isère i Frankrike. Fjellet har ein karakteristisk «tann-profil», og er eit lett gjenkjenneleg syn frå Isère-dalen (Grésivaudan) og frå områda kring Grenoble. Det har namn etter tannforma (dent er fransk for tann) og byen Crolles, som ligg ved foten av fjellet.

Grottene[endre | endre wikiteksten]

Under Dent de Crolles finst eit av dei mest omfattande og innvikla grottesystem i Europa. Grotteklatrarar reknar området som ei av sportens vogger . Den fyrste grundige utforskinga av grottene vart føreteken under 2. verdskrigen. Ei gruppe franske grotteklatrarar utforska grottesystemet. Pierre Chevalier og Fernand Petzl var mellom dei som deltok i grotteforskinga. Dei kom heilt ned til –658 m, som på den tid var den djupast oppdaga grotta i verda. I dag er grottene her rekna som dei sjette djupaste i Frankrike.

Mangelen på tilgjengeleg, eigna utstyr under krigen tvinga Chevalier og resten av gruppa til å utvikle sitt eige utstyr, noko som førte til tekniske nyvinningar. Teknikken med bruk av enkelttau med prusik og mekaniske taukastarar (Henri Brenot sine «aper», fyrste gong brukt av Brenot og Chevalier i ei grotte i 1934) kan knytast direkte til utforskinga av grottegangane under Dent de Crolles.

Etter 1946 har grottene vore under stadig utforsking. Ni ulike inngangar er avdekt. Tre av desse inngangane er jettegryter på toppen av karst-platået, fem er horisontale grottegangar og ein er i bergsida. Grottene er mykje godt ein labyrint, og består av minst 58 km grottegangar der det er råd å ta seg fram. Dei to hovudinngangane går gjennom grottene Trou-du-Glaz og Guiers-Mort. Grottesystemet er i dag særleg kjent for den store variasjonen i grotteruter som dei mange inngangane opnar for.

Skjematisk plan av nettverk av Dent de Crolles. Farger tilsvarer ulike nivåer, døden blir Guiers Velg 0; Blå representerer elven: nivå 0-100 m. Gul (t) nivå 100 til 140 m; Rød (bulevarden på Tritons) nivå 140 til 200 m; grønn (Glaz-Annette) + 350 m. høyde mellom høyeste inngangsplanet avgrunnen Bob Vouay (2022 m) og cave av Guiers Mort er 690metres.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]