Hopp til innhald

Desertasøyane

Desertasøyane
Lokalt namn Ilhas Desertas
Deserta Grande
Deserta Grande
Geografi
StadAtlanterhavet
Koordinatar32°29′N 16°29′W / 32.483°N 16.483°W / 32.483; -16.483
ØygruppeMadeira
Tal på øyar3
Store øyarDeserta Grande, Bugio og Chão
Areal14.21 km²
Høgaste punkt500 moh.
Administrasjon
LandPortugal Portugal
Autonom regionMadeira
Demografi
Folketal0

Desertasøyane (portugisisk Ilhas Desertas) er ei lita portugisisk øygruppe like søraust for øya Madeira, som igjen ligg om lag midt mellom Asorane og Kanariøyane.

Sjølv om ho berre ligg om lag 20 nautiske mil (37 km) frå sjølve Madeira, er ho geologisk heilt annleis. Dei høge og lange klippene er heilt berre og det einaste dyrelivet består av om lag 16 fugleartar og nokre få geiter, kaninar og gnagarar som er ført i land her frå Portugal av dei første sjømennene som gjekk i land her. Naturlege artar av tarantellar og krypdyr finst òg i det skjøre og tørre økosystemet.

Den einaste øya som har drikkevasskjelde er Deserta Granda, men vatnet er gjørmete og lite av, og alle historiske forsøk på å kolonisere øya var mislukka på grunn av mangel på høve for jordbruk.

Ein liten koloni med sel har busett seg på strendene og sidan 1990 har øyane vore eit naturreservat for å verne om dei. I 1998 var det berre åtte selar att, men i seinare åra har bestanden vokse igjen. Dei einaste menneska som heldt til på øya er oppsynsmenn, geologar og eit par forskingsstasjonar.

Desterasøyane består av Deserta Grande, Bugio og Chão.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]