Det norske Nationalblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det norske Nationalblad var ei norsk avis som kom ut i Christiania mellom 1815 og 1821.

Avisa kom med sitt fyrste nummer den 17. juli 1815. 23-åringen Hans Abel Hielm stod som ansvarleg utgjevar og redaktør. Viktigaste bidragsytar og den leiande i redaksjonen var Jonas Anton Hielm. Avisa var eit leiande organ for opposisjonen mot norsk og svensk statsleiing. Hans Abel Hielm kom i fleire prosessar for avisa sine utfall mot regjeringa. Avisa mista portomoderasjonen etter ei sak der avisa vart dømd for majestetskrenking, og kom sidan ikkje ut.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skjæveland, Yngve (1996). Nasjonal retorikk i Det norske nationalblad 1815-1821. Oslo: Noregs forskingsråd. s. 14. ISBN 8212007901.