Det skotske parlamentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den skotske parlamentet, Holyrood

Det skotske parlamentet held til i hovudstaden Edinburgh. Parlamentet vart oppretta etter at den nye Skottlandlova vart vedteken av det britiske parlamentet i 1998. Dette vedtaket kom etter ei skotsk folkerøysting i 1997 der det vart fleirtal for å oppretta eit skotsk parlament med makt til å endra skattenivået. Det første skotske parlamentsvalet var i mai 1999. Parlamentet vel ein førsteminister som i sin tur peikar ut ministrar til å sitja i den skotske regjeringa (Scottish Government).

Hovudinngangen til den karakteristiske skotske parlamentbygningen.

Parlamentsbygningen[endre | endre wikiteksten]

Den nye parlamentsbygningen vart teken i bruk i september 2004. Bygningen ligg i Holyrood-området i Edinburgh, og parlamentet vert ofte referert til som «Holyrood».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]