Det skotske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det skotske riksvåpenet.

Det skotske riksvåpenet viser ei raud løve på gul bakgrunn. Dette våpenet er i dag brukt på det skotske kongeflagget og er ein del av det britiske riksvåpenet. I Skottland har dette riksvåpenet den raude løva i første og fjerde feltet og det engelske riksvåpenet er i det andre feltet, med ein einhyrning til venstre og ei løve til høgre for skjoldet som skjoldhaldarar. I resten av Storbritannia står skjoldhaldarane motsett, og det skotske våpenet er i det andre feltet, oppe til høgre.

Fram til 1603, då Skottland kom i personalunion med England og Irland, var den raude løva hovudsymbolet i riksvåpenet. Jakob VI av Skottland og I av England innførte element frå det engelske, det irske og det franske riksvåpenet; dette siste fordi den engelske krona framleis gjorde krav på Frankrike. Jakob brukte ulike versjonar av skjoldet i Skottland og England, ein skilnad som har halde seg fram til våre dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]