Det sosialdemokratiske partiet i Bosnia og Herzegovina - Sosialdemokratane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det sosialdemokratiske partiet i Bosnia og Herzegovina - Sosialdemokratane (Socijaldemokratska Partija BiH - Socijaldemokrati) er eit sentrum-venstreparti i Bosnia og Herzegovina. Partiet er etterfølgjar til Kommunistligaen i Bosnia og Herzegovina, Det jugoslaviske kommunistforbundet si avdeling i denne delrepublikken i det tidlegare Jugoslavia.

Dagens parti er ei samanslåing av det opphavlege SDP og gruppa Socijaldemokrati BiH, derfor det lange offisielle namnet. Forkortinga er SDP. Partiet er multi-etnisk og går inn for ei styrking av fellesinsitusjonane i Bosnia og Herzegovina. Det er medlemsparti i den Sosialistiske Internasjonalen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Social Democratic Party of Bosnia and Herzegovina, som lesen 29. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle nettstaden til partiet.