Országgyűlés

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det ungarske parlamentet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parlamentsbygningen Országház i Budapest

Országgyűlés (ungarsk for 'landsforsamlinga') er nasjonalforsamlinga og den lovgjevande makta i Ungarn. Parlamentet vel både presidenten og statsministeren i landet. Parlamentsbygningen Országház ligg i Budapest ved venstrebreidda av Donau, i bydelen Pest.

Parlamentet har eitt kammer med 199 representantar som sit i ein periode på fire år.[1] 106 representantar blir valde frå einmannskrinsar og 93 frå nasjonale lister.

Ungarn fekk ny valordning før valet i 2014. Før dette hadde parlamentet 386 representantar.[2]

Nasjonalforsamlinga har røter tilbake til den lovgjevande forsamlinga med same namn som verka frå 1290-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Act CCIII of 2011 On the Elections of Members of Parliament». Valloven i Ungarn på nettsida til det nasjonale valkontoret i Ungarn.
  2. «Election of the members of Parliament| ved nettsida til Det ungarske parlamentet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]