Devoll
Devoll | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Korçë | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 429 km² | ||
Flatevidd - By |
458 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
26 716 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
![]() |
Devoll er ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg ved den vesle Prespasjøen heilt aust i landet og grensar i aust til nabolandet Hellas.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Bilisht vart slått saman med landkommunane Qendër Bilisht, Hoçisht, Progër og Miras.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Bilisht.
Ved folketeljinga i 2011 hadde dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Devoll, til saman 26 716 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Devoll, som var samanfallande med den noverande kommunen.[3]