Dexter's Laboratory
Type | animert TV-serie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | science fiction-serie, komiserie, Barne-TV | ||
Opphavsland | USA | ||
Sesongar | 4 | ||
Episodar | 78 | ||
Lengd | 22 minutt | ||
Språk | engelsk | ||
Skapar | Genndy Tartakovsky | ||
Produsent | Larry Huber | ||
Regi | Rob Renzetti, Paul Rudish, Craig McCracken, Robert Alvarez, Rumen Petkov, Chris Savino | ||
Røyster | Sam Lerner, Allison Moore, Christine Cavanaugh, Candi Milo | ||
Periode | 27. april 1996– 20. november 2003 | ||
Kanal | Cartoon Network |
Dexter's Laboratory (norsk tittel: Dexters laboratorium) er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Genndy Tartakovsky for Cartoon Network. Serien følgjer geniet Dexter, ein ung oppfinnar med eit gøymt laboratorium på rommet sitt, som han held hemmeleg for foreldra sine. Han er konstant i kamp med den eldre systera si, Dee Dee, som alltid kjem seg inn i laboratoriet og forpurrar eksperimenta hans. Dexter er også ein bitter rival til geniet Mandark, som er nabo og klassekamerat til Dexter. Dei to første sesongane av serien hadde fleire segment med superhelt-figurane Monkey, laboratorieapen til Dexter med superkrefter, og The Justice Friends, ein trio av superheltar som deler leilegheit.
Dexter's Laboratory fekk positiv mottaking og vart ein av dei mest vellukka originale seriane på Cartoon Network. I løpet av sendeperioden vann han mellom anna tre Annie Awards og vart nominert til fire Primetime Emmy Awards. Serien er notabel for å ha vore utgangspunkt for karrierane til animatørane Craig McCracken, Seth MacFarlane, Butch Hartman og Rob Renzetti. Biprodukt baserte på serien femner teikneseriar, DVD- og VHS-utgjevingar, musikkalbum, leiker og dataspel.