Dialektkontinuum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit dialektkontinuum er ei rekkje av dialektar som er slik at alle talarane av nabodialektar forstår kvarandre, men likevel slik at dialektar langt frå kvarandre i kontinuumet ikkje er forståelege seg i mellom. Eit klassisk døme på dialektkontinuum er dei samiske språka for 50 år sidan, eit anna er dei romanske språka, der t.d. galisisk er eit mellomsteg mellom portugisisk og kastiljansk, og språket i Aostadalen eit mellomsteg mellom fransk og italiensk.