Diatese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå diatese i medisin.

Diatese er ein grammatisk kategori ved verbet, ein kategori som har å gjere med tilhøvet mellom semantiske roller (også kalla tematiske roller og theta-roller) (som agens og patiens) og syntaktiske funksjonskategoriar (som subjekt og objekt). Kategorien har i somme språk to trekk, aktiv og passiv, i andre språk tre, aktiv, medium og passiv.

Skilnaden på aktiv, medium og passiv kan illustrerast med tre setningar frå det vestafrikanske språket fulfulde, som bøyer verbet i alle dei tre diatesane:

  • 1. Aktiv: Daada lootii ɓinngel. 'Mor vaska ungen.'
  • 2. Medium: Daada lootake. 'Mor vaska seg.'
  • 3. Passiv: Ɓinngel lootaama. 'Ungen blei vaska'

Verbet loota 'vaske' har to semantiske roller knytte til seg, agens og patiens. I den aktive setninga er subjektet knytt til agens og objektet til patiens:

SYNTAKTISKE FUNKSJONSKATEGORIAR subjekt verbal objekt
SEMANTISKE ROLLER agens patiens
Daada lootii ɓinngel'
'mor' 'vaska' (aktiv, perfektiv) 'unge'

I den mediale setninga er subjektet knytt til både agens og patiens, og objektet manglar:

SYNTAKTISKE FUNKSJONSKATEGORIAR subjekt verbal
SEMANTISKE ROLLER agens
patiens
Daada lootake
'mor' 'vaska seg' (medium, perfektiv)

I den passive setninga er subjektet knytt til patiens – eller meir generelt, den rolla som er knytt til objektet i ei aktiv setning. Agens er ikkje knytt til nokon syntaktisk funksjonskategori (men kan hevdast å vere underforstått), og det er ikkje noko objekt:

SYNTAKTISKE FUNKSJONSKATEGORIAR subjekt verbal
SEMANTISKE ROLLER patiens agens
Ɓinngel lootaama
'unge' 'blei vaska' (passiv, perfektiv)

I dei fleste dialektane av fulfulde kan ikkje agens vere uttrykt i ei passiv setning, men nokre få godtek at agens er knytt til ein NP etter preposisjonen e 'med':

  • Passiv med uttrykt agens: Ɓinngel lootaama e daada 'Ungen blei vaska av mor.

Det er vanleg i språka i verda at agens ikkje kan vere uttrykt i passive setningar, og i dei språka der agens kan vere uttrykt i passive setningar, er det som regel vanlegast at setning manglar eit agens-ledd.