Dibër
Dibër | |||
---|---|---|---|
Elva Svarte Drin renn gjennom Dibër | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Dibër | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
938 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
61 619[1] | ||
Koordinatar | 41°40′0″N 20°20′0″E / 41.66667°N 20.33333°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Dibër kommune innafor regionen Dibër |
Dibër er ein kommune i regionen Dibër i Albania. Kommunen ligg i den nordlege delen av landet og grensar i nord til regionen Kukës og i nordvest til regionen Lezhë. I aust ligg nabolandet Nord-Makedonia.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Peshkopi vart slått saman med landkommunane Tomin, Melan, Kastriot, Lurë, Maqellarë, Muhurr, Luzni, Selishtë, Sllovë, Kala e Dodës, Zall-Dardhë, Zall-Reç, Fushë Çidhën og Arras.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Peshkopi.
Ved folketeljinga i 2011 hadde dei 15 kommunane som i dag utgjer storkommunen Dibër, til saman 61 619 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Dibër.[3]