Svarte Drin
Utsjånad
| Svarte Drin | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Renn gjennom | Struga, Kukës | ||
| Lengd | 149 km | ||
| Kjelde | Ohridsjøen | ||
| • høgd | 693 moh. | ||
| Munning | I møtepunktet til Kvite Drin i Albania | ||
![]() Svarte Drin 41°10′27″N 20°40′41″E / 41.1742°N 20.6781°E | |||
| Wikimedia Commons: Black Drin | |||
Svarte Drin (albansk Drini i Zi, som tyder 'svart hjort'; makedonsk Crn Drim) er ei elv som renn gjennom Nord-Makedonia og Albania. Ho strøymer ut frå Ohridsjøen ved Struga i Nord-Makedonia. Etter om lag 50 km kryssar ho grensa til Albania, vest for Debar. Ho flyt saman med Kvite Drin i Kukës og dannar elva Drin, som strøymer vidare til Adriahavet. Det meste av vatnet i dei austlege grenseområda av Albania renn ut i denne elva, inkludert dei tre austlege innsjøane som Albania deler med sine naboland (Ohridsjøen og Prespasjøen) og bekkar som strøymer ut i desse.
