Dictyonemaskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dictyonemaskifer er eit tidlegare brukt uttrykk for ein svart skifer frå overgangen mellom kambrium og ordovicium. Det var av mange rekna som nedste eining i ordovicium. Kjenneteiknet ved sølvglinsande avtrykk på spalteflatene i skiferen, og lagflatene er ofte dekt av graptolittkoloniar av ulike arter av Rhabdinopora (særleg R. flabelliforme og R. parabola)

Han vert i dag rekna som ein del av Alunskiferformasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]