Didrik Sigbjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Didrik Sigbjørnsen
Fødd 6. januar 1785
Lund
Død

6. mars 1881
Lund

Didrik Sigbjørnsen (6. januar 17856. mars 1881) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Lund i Rogaland.

Han var son til ein lensmann og gardbrukar i Lund. Sjølv byrja han som skulehaldar i 1799. Tre år seinare, 1802, vart han tillegg kyrkjesongar, ei stilling han hadde til 1859. År 1808 kjøpte han garden Moi i Lund, og dreiv denne. Han kom i 1838 med i det fyrste heradsstyret i Lund, og var ordførar i åtte år. Elles var han forlikskommissær 1816-79 og valmann 1823-44.

Sigbjørnsen var stortingsmann i 1824, 1830, 1833 og 1839. Han var i 1824 medlem av kyrkjekomiteen og om komiteen om innløysinga av riksbanksetlane. I 1830 og 1833 var han medlem av kyrkjekomiteen og komiteen om kjøpstadskatten. Attåt dette kom at han i 1833 var han medlem av valkomiteen. I 1839 var han medlem av tollkomiteen.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på garden sin i Lund i 1881.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]