Dielektrikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dielektrikum er ein elektrisk isolator som kan vere polarisert om det er nytta i ein samanheng der det vert utsett for eit elektrisk felt. Når ein plasserer eit dielektrikum i eit elektrisk felt, strøymer det ikkje elektrisk lading gjennom materialet som det ville gjort i ein leiar, men stoffet kjem berre så vidt ut av den midla likevektsposisjonen slik at ein får dielektrisk polarisasjon. På grunn av dielektrisk polarisasjon, vert positive ladningar flytta mot feltet og negative ladningar i den motsette retninga. Dette skapar eit indre elektrisk felt som reduserer det totale elektriske feltet i dielektrikumet.[1] Om eit dielektrikum består av molekyl med svake bindingar, vert ikkje desse molekyla berre polariserte, men dei vert òg orientert slik at symmetriaksen deira har same retning som feltet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Quote from Encyclopædia Britannica