Digitale skilje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit digitalt skilje er ein økonomisk eller sosial ulikskap som endrar seg som følgje av at forskjellige grupper i samfunnet får ulik tilgang til teknologi. Ikkje alle menneskje har pengar til datamaskin eller nettilkopling, og ikkje alle har den kunnskapen dei treng for å kople seg opp og halde utstyret gåande.

Noreg i dag[endre | endre wikiteksten]

I Noreg brukar ein skulen til å utbreie og forbetre den digitale kompetansen til befolkninga, og styresmaktene har løyvt store summar for å sikre at barn får bruke datamaskin og Internett i skulekvardagen. Digitale ferdigheiter står på pensum i så å seie alle fag på alle klassesteg. I Noreg i dag handlar ikkje skiljene så mykje om tilgangen til teknologi, men bruksmønsteret ein benyttar. Alle elevar i den vidaregåande skulen må ha tilgang til datamaskin, og får dette dekkja av staten gjennom lånekassen. Difor handlar skiljene meir om både kva kunnskap ein person har om teknologien, og korleis han brukar den.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]