Dipolbinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei dipolbinding er ei svak kjemisk binding. Det vil seia ei binding som verkar mellom molekyl, atom eller ion som ikkje er bunde til kvarandre på annan måte.

Slike bindingar vert danna mellom permanente dipolar, molekyl med stor forskjell i elektronegativitet mellom atom som er bunde til kvarandre. Det eine atomet får da ein positiv partiell ladning og det andre ein negativ partiell ladning. Bindingane skjer mellom den positive delen av eit molekyl og den negative delen av eit anna.

Bindingar mellom induserte dipolar vert kalla van der Waals-bindingar. Desse er svakare enn dipolbindingar.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.