Direktedemokratane
Direktedemokratane | |
Ideologi | Direktedemokrati |
---|---|
Oppretta | 2002 |
Partileiar | Roy Magnus Løken |
Ungdomsorganisasjon | - |
Partiavis | - |
Europeisk tilknyting | Sjå tekst |
Ordførarar | 0 |
Kommunestyre- representantar | 0 |
Fylkestings- representantar | 0 |
Stortings- representantar | 0 |
Medlemstal | ? |
Nettstad | www.direktedemokratene.no |
Direktedemokratane (DD) er ei rørsle som ynskjer å innføre direktedemokrati i Noreg. Rørsla ynskjer å oppnå dette ved å stille kandidatar til kommune-, fylkes- og stortingsval. Direktedemokratane kjem då til å halde innbyrdes val i kvar enkelt sak som desse representantane skal røyste i. DD-representantane vil vere bundne til å røyste slik som resultatet av dei innbyrdes vala vert. Vala skal gjennomførast på internett. For å røyste innbyrdes i DD skal ein ikkje trenge å betale medlemsavgift, men ein må registrere seg med personalia på nettstaden deira.
Rørsla Direktedemokratane har prinsipielt sett ikkje nokon politisk agenda utanom å innføre direktedemokrati.
Leiaren i Direktedemokratane er Roy Magnus Løken. Rørsla har ein nestleiar; Lars Kilevold.