Diskusjon:Ávjovárri valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ávjovári[endre wikiteksten]

... er genitivforma. Vi skal ha det i nominativ på norsk: Ávjovárri. Trondtr 21. september 2009 kl. 09:58 (CEST).

Eg går på nettet og ser at det er 1000-700 i favør av den feilaktige forma "Ávjovári valgkrets". Men feil er det åkke som. Trondtr 21. september 2009 kl. 10:08 (CEST).
Ja i fylgje Sametinget stod det på sjølve vallistene i krinsen også. --Jorunn 21. september 2009 kl. 10:43 (CEST)
Det står også Ávjovári valgkrets i FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget (§ 62). --Jorunn 21. september 2009 kl. 13:23 (CEST)
Og i LOV 1987-06-12 nr 56: Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). --Jorunn 21. september 2009 kl. 13:28 (CEST)

Ja, ja. Vankunne overalt. Det heiter altså Gáisi valgkrets, og ikkje Gáissi valgkrets, som det skulle ha vore viss vi skulle ha hatt samisk genitiv på norsk. Ávjovári er som om vi skulle ha kalla den finske hopparen Matti Nykäsen (11000 treff på Google), eller kongen for kong Olavs (nesten 500000 treff for "Olavs" på norske nettsider). Men grunnformene er Ávjovárri, Nykänen, Olav. Eg skal ta kontakt med Sametinget. Trondtr 21. september 2009 kl. 18:23 (CEST).

Vankunna var ikkje di, sjølvsagt, du har jo grave fram masse nytt her, men Sametinget si, som burde ha visst betre... Trondtr 22. september 2009 kl. 23:42 (CEST).
Eg veit eg verken kan lese eller skrive (av) samisk, sjølv ikkje einskilde små ord, så alle ord vert kopiert og klistra inn. Men eg hadde vona lovteksten var å lite på slik at eg kunne kopiere trygt derfrå i det minste. --Jorunn 23. september 2009 kl. 00:13 (CEST)
Viss du lurer på om det er nominativ eller genitiv du har med å gjere kan du lime forma inn her: http://giellatekno.uit.no/cgi/d-sme.nno.html. For å sjekke om det finst ei norsk namneform kan du lime inn (nominativforma!!), den norske eller samiske, her: http://giellatekno.uit.no/cgi/geo.nno.html. Trondtr 23. september 2009 kl. 19:26 (CEST).