Diskusjon:Øystein Erlendsson

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne bør flyttast til Øystein Erlendson, det er vanleg å omskriva det norrøne navnet Eystein til Øystein (slik det òg vart uttala). Slik er det òg gjort for kongane Øystein.

Greit med flytting, men skal det vera til Øystein Erlendsson eller til Øystein Erlendson? --Gunnernett 30. april 2006 kl. 08:58 (UTC)
Det var det òg ja... Øystein Erlendsson ser riktigast ut, gjer det ikkje? Google har 8 Øystein Erlendson og 178 Øystein Erlendsson. (Barend 30. april 2006 kl. 13:19 (UTC))
Eg flytta no artikkelen til Øystein Erlendsson. Store Norske Leksikon skriv: "Øystein Erlendsson, Norrønt: Eysteinn Erlendsson" --Gunnernett 30. april 2006 kl. 13:47 (UTC)
Språkrådet skriv: (Ey- norrøne navn, se Øy-) [1] og Øystein Erlendsson (død 1188) norsk erkebiskop [2]. --KRISTAGAα-ω 30. april 2006 kl. 14:34 (UTC)
Nja... Vi har no ein generell politikk på å bruke original personnamnform i artikkelnamn på Nynorsk Wikipedia. Eg er ikkje så sikker på om vi bør unnlata dette for norrøne namn... -- Olve 30. april 2006 kl. 18:10 (UTC)
I dei fleste tilfelle er eg heilt einig med deg, men eg er ikkje så sikker når det gjeld norrøne navn. Det er fullstendig innarbeidd å bruka moderne navneformer på både nynorsk og bokmål, og det er 100 % konsekvent gjennomført på alle personar i kategorien Personar frå norrøn tid. Hvis me skal begynne å bruka norrøne navneformer blir det ikkje berre Øystein Erlendsson som må endrast tilbake men så godt som alle i kategorien Personar frå norrøn tid. Då blir Óláfr for Olav, Magnús for Magnus, Sverrir for Sverre, Þórir for Tore osb. Det blir forresten ikkje Eystein Erlendsson heller, men Eysteinn Erlendsson. (Barend 2. mai 2006 kl. 12:45 (UTC))

Talet på helgenar[endre wikiteksten]

I denne artikkelen står dte at det er fire helgengåra (tyder det beatifisert eller sanctifisert?) norske helgenar i artikkelen helgen står det nemnt sju som er helgenkåra, og ein som ikkje er det. Nokon som veit kva som er rett? stykkjet 09:14, 23 januar 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Fiksa ved å fjerne. --Knut 14. desember 2009 kl. 07:20 (CET)[svar]